🔗 ⚙️

Glitter & Gulp from Efterdønn by Utflod

Tracklist
9.Glitter & Gulp3:09
Lyrics

Det går mot
mørkare tider.
Sommaren er
langt unna.

Eg har fødd
eitt barn
og kjøpt
paljettskjorte.

Glitter
Gulp

Glitter
Gulp

Eg har bært eit liv i 9 månader,
og eg skal bære det livet ut.
Kroppen er forandra,
dine haldningar mot meg òg.

Eg er ikkje lenger meg.
Eg er ei mor.
Eg er ikkje meir.

Eg er ikkje lenger fri,
eg er ei mor.
Eg er ikkje meir.

Glitter og gulp,
ville aldri vore forutan,

men du reduserer meg.
Eg er framleis den same.

Glitter og gulp.
Kvinne og mann.

Eg kan begge delar.
Glitter og gulp.

Eg har bært eit liv i 9 månader,
og eg skal bære det livet ut.
Kroppen er forandra,
dine haldningar mot meg òg.

Eg har skapt mitt liv.
Eg har skapt nokon andre sitt.
Eg har skapt mitt liv.
Eg har skapt nokon andre sitt.

Prøv å redusere meg.
Kok kraft, du gjer meg sintare.
Kok kraft, du gjer meg sterkare. Galskapen konsentrerast.

Credits
from Efterdønn, released October 4, 2024
LicenseAll rights reserved.
Tags
Recommendations