Insomnia from Efterdønn by Utflod
Tracklist
1. | Insomnia | 4:03 |
Lyrics
Ole Lukkauge
kjem og kastar
sand
i augo dine.
Hald deg vaken.
Du veit ikkje
kva som vil skje
i natt.
Ole Lukkauge
kjem
for å ta deg.
Han kjem nærmare.
Slevet renn
mellom dei sprukne leppene hans.
Held rundt med lange tynne fingrar. Kviskrar ein song i øyret ditt.
Fuktig og varm, lukta av svovel og blod.
Ole Lukkauge
kjem
for å ta deg
i natt.
Hald deg vaken.
Du kjem ingen veg.
For søvnen tek deg med til meg.
Dine verste fryktar
sender eg til deg.
Held rundt med lange tynne fingrar. Kviskrar ein song i øyret ditt.
Fuktig og varm, lukta av svovel og blod
Held rundt med lange tynne fingrar. Kviskrar ein song i øyret ditt.
Fuktig og varm, lukta av svovel og blod
Credits
from Efterdønn,
released October 4, 2024