Tyrann from Efterdønn by Utflod
Tracklist
12. | Tyrann | 3:30 |
Lyrics
Tida lækjar ingen sår.
Slik har det vore i århundre.
Det finst reglar i krig.
Det er absurd, reglar i krig.
Dei sit,
tar valet, og
peikar, på kvar
bombene skal falla, blodet renne, menneske døy.
Kyniske, kalde.
Tar det dei vil.
Bombene skal falla, blodet renne, menneske døy.
Tyrannane
et oss opp.
Gjev seg ikkje, sjølv om vi seier stopp, alt er lov, med orda til Gud.
Kor lenge skal vi
sjå på nedgang?
Vi kan ikkje sjå på at barn blir drepne, vi må kjempe dei ned.
Nei,
det er ikkje draum.
Det finst folk.
Ting er ikkje verd
meir enn kjøt og blod.
Nei,
tyrannen er kald.
Tar det han vil ha.
Ting er ikkje verd
meir enn kjøt og blod.
Dei sit,
tar valet, og
peikar på kvar
bombene skal falla, blodet renne, menneske døy.
Kyniske, kalde.
Tar det dei vil.
Bombene skal falla, blodet renne, menneske døy.
5300 barn drepne.
Hender
rekkast opp mot hjelp.
Leiar
må gjere meir.
Stoppe
Folkemord!
Nei,
det er ikkje draum.
Det finst folk.
Ting er ikkje verd
meir enn kjøt og blod.
Nei,
tyrannen er kald.
Tar det han vil ha.
Ting er ikkje verd
meir enn kjøt og blod.